Musikkterapitilbod

Musikkterapi er bruk av musikk for å gje menneske nye handlemuligheter"

Sitat; Even Ruud

Simona Fraas Johnsen - Klikk for stort bilete

I kulturskulen i Gloppen har vi tilsett ein musikkterapeut for å kunne tilpasse og tilretteleggje undervisning for born, unge og vaksne med ulike særskilde behov. Musikkterapi er ei vitskapleg dokumentert behandlingsform som tek utgangspunkt i musikkens evne til å skape kontakt og kommunikasjon.

Korleis arbeider ein musikkterapeut?
Musikkterapeuten tek utgangspunkt i den enkelte sine ressursar og sterke sider og søkjer ut i frå dette å få til eit samspel der klienten sjølv er musisk aktiv.

Ein musikkterapeut nyttar seg av musikalske teknikkar som for eksempel improvisasjon, samspel og song, låtskriving, opplæring på instrument, musikklytting, samt andre ulike tilrettelagte musikkaktivitetar i si "undervisning". Målet for ein musikkterapeut er i hovudsak å skape ei positiv forandring og bidra til betre helse for sine klientar. Meir spesifikke mål vil variere frå individ til individ og vert definert ut i frå behov og ynskjer, men kan for eksempel vere at musikk vert nytta til å fremje kommunikasjon, læring, personleg utvikling og relasjonsdanning, samt ulike rehabiliteringsmål.

Ved nokre høve kan det å lære eit instrument inngå i ein musikkterapeutisk prosess, men målet er ikkje nødvendigvis denne læringa i seg sjølv, men konsekvensen av læringa. Opplevinga av meistring kan mellom anna bidra til betra sjølvbilete og auka læringsmotivasjon for skule.

Kva kan vi tilby?
Gloppen kulturskule tilbyr per i dag både musikkterapi som tilrettelagte elevplassar i kulturskulen, og sal av tenester til mellom anna skule, barnehagar og andre  institusjonar. Musikkterapi vert også ved nokre høve tilrådd frå PPT som spesialpedagogisk tiltak i skuletida. Vi tilbyr både tilpassa individualtimar med spesifikke læringsmål, samt gruppetimar der det sosiale samspelet kjem i fokus.

I menyen til venstre ser de ei oversikt over dei tilboda vi har per i dag, men dette vil variere frå år til år alt etter søknad/ forespørsel og behov.

Har de spørsmål kan de ta kontakt med kulturskulen, eller med musikkterapeuten direkte.

Musikkterapeut mobil: 902 91 664