Musikkterapi skule/barnehage

Dette tilbodet er sal av teneste frå kulturskulen til skular og barnehagar i Gloppen. Enkelt- eller gruppetime for barn og unge frå 0 til 18 år. Ein kan få tilbodet både i barnehage- SFO- , og skuletida.

Desse timane vert sjølvsagt tilrettelagt ut i frå det enkelte barns behov. I nokre høve vil det vere naturleg at assistent/ føresette eller liknande tek del i timen. Er timane tilrådd frå PPT eller kjøp av teneste frå skule vil musikkterapeuten søkje å samarbeide med andre fagområder om mål og utvikling så langt råd er. Musikkterapeuten vil då ynskje tilgong til evt individuelle opplæringsplanar, samt også bidra med halv- og heilårsrapportar.