Adventskonsert i Gimmestad kyrkje

Vi gler oss over nok eit år med den tradisjonelle adventskonserten i Gimmestad kyrkje! Rygg songlag er med også i år, dei syng både aleine og saman med distriktsmusikarane våre. Sandane og Breim skulekorps skal spele, dei framfører eit lite knippe med fine julesongar. Både distriktsmusikarane og elevar frå Gloppen kulturskule deltar, og frå kyrkja er Vidar Prest og organist Anders Rinde med.

Det er gratis inngang, og det blir tatt opp kollekt ved utgang til dekking av utgifter.

Velkomne skal de vere!

Adventskonsert i Gimmestad Kyrkje Kulturskulen - Klikk for stort bilete