Furorestipend til talentfulle Ingrid og Maria

Mandag fekk dei to fløytistane Ingrid og Maria W. Ose utdelt kvar sitt Furorestipend på 50.000 kr kvar frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Begge to studerer no fyrste året ved Norge Musikkhøyskole i Oslo, og det var også her at stipenda vart utdelt. 

Dei to talentfulle tvillingane har lenge markert seg som to store talent på fløyte, og det er iherdig innsats som ligg bak! Ingrid og Maria har spelt fløyte i mange år, og begge har vore tidlegare elevar ved Gloppen kulturskule. 

Juryen for Furorestipendet påpeiker at dette er eit personleg stipend. Søknadane frå Maria og Ingrid er difor blitt vurderte kvar for seg, og uavhengig av kvarandre. Men juryen er ikkje i tvil om at dei begge har vist brennande engasjement og satsingsvilje langt over det ein kan forvente, og ikkje minst oppsiktsvekkjande musikalsk talent. 

Gloppen kommune gratulerer både Ingrid og Maria Ose med stipenda - dette er velfortjent!

Ingrid_Maria_Ose_NRK.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

Les meir i avisa Firda Tidend