Ofte stilte spørsmål ved Gloppen kulturskule

Her har vi prøvd å samle svar på spørsmål vi ofte mottek

 

Korleis blir eg elev ved Gloppen kulturskule?

Du søkjer om elevplass elektronisk ved å velge SØK ELEVPLASS på framsida, og du kan søkje om elevplass heile året! Er du allereie elev og vil søkje nye fag velje du LOGG INN.

Hovudopptaket til nytt skuleår skjer i juni og fristen for å søkje er 1. juni, men vi tar imot søknader gjennom heile året og tilbyr alltid plass så snart vi har noko ledig.

Korleis kan eg seie opp elevplassen min?

Du loggar deg inn i vårt kulturskuleprogram (Velg LOGG INN på framsida)

Når du er inne i programmet kan du velje utmelding i menyen og krysse av dei faga du vil seie opp. Utmeldingsfrist for vårsemesteret er 1. desember og for haustsemesteret 1. juni. Melder du deg ut etter fristen må du vere budd på å betale heile eller delar av semesteravgifta.

Har kulturskulen instrument til utleige?

Gloppen kulturskule har ein del instrument (i hovudsak ulike strykeinstrument og gitarar) som kan leigast. Nybyrjarar vert prioriterte. Elevar på blåseinstrument kan leige instrument med skulekorpsa.

Kva skjer når læraren er vekke fra undervisninga?

Misser eleven undervisning grunna lærar sitt fråvær, kan inntil to timar pr. semester falle bort utan at det vert sett inn vikar. Dersom fleire enn to timar fell bort pr. semester, får eleven frådrag i kontingenten. Eleven får ikkje frådrag for eige fråvær (unnateke når permisjon er innvilga).

Distriktsmusikarane vil ha ein del fråvær frå undervisninga pga. turnear og speleoppdrag (og evt. sjukdom), men desse lærarane gir elevane 5 minutt ekstra undervisning kvar veke gjennom heile eller delar av skuleåret for å dekke inn dette. Kulturskulen held reknskap over kor mange timar som går vekk i løpet av skuleåret, og gir frådrag i kontingenten viss der er grunnlag for det.

Kan vaksne søkjarar få elevplass?

Ja, men born og ungdom vert prioritert.

 

Publisert av Siv Kvalsvik Haugen. Sist endra 14.03.2017