Stryk

Kulturskulen kan tilby undervisning på alle strykeinstrument, og ein kan lære både folkemusikk og klassisk musikk. Vi er godt i gang med å bygge opp eit strykeorkester på kulturskulen, og her kan alle strykeelevane være med om dei vil.

Elles har folkemusikklaga i Gloppen fleire gode samspeltilbod til elevar som har lyst til å spele folkemusikk ilag med andre. 

Kulturskulen har fiolin/fele og cello i små storleiker elevane kan få leige.

Frå 5-6 år og oppover
 
 
Sist endra 14.02.2017