Treblåsfamilien består m.a. av fløyte, klarinett og saksofon, og instrumenta blir brukt både i korps, orkester og storband. Gloppen kulturskule tilbyr undervisning på dei fleste treblåsinstrument, og vi ordnar med utleige av instrument.
Ein har moglegheit til å vere med i skulekorpset sitt aspirantkorps etter første året på kulturskulen. Korps er ein kjekk og livslang hobby, og ein har mykje kjekt å sjå fram til når ein blir med i eit skulekorps.
Fløyte - frå 2. klasse og oppover
(dei yngste elevane startar på Fife-fløyte)
Klarinett - frå 3. klasse og oppover
Saksofon - frå 4. klasse og oppover
Publisert18.11.2011 10:21