Johnsen, Simona Fraas

Klikk for stort bilete Edvin-Andre Hugvik Musikkterapeut 


tlf: 909 64 941
e-post: simona.fraas.johnsen@gloppen.kommune.no

Simona Fraas Johnsen kjem frå Oslo, og bur no på Breim. Simona er utdanna musikkterapeut frå Norges musikkhøgskole. Ho har også teke instrumentalpedagogikk ved Barrat Dues musikkinstitutt, der ho studerte til musikkbarnehagelærar. Bratsj er hovudinstrumentet hennar, men Simona spelar også ein del fiolin.

Simona har jobba i ei rekke barnehagar i Oslo som pedagogisk leiar, og i ein spesialbarnehage som musikkpedagog. Ho har jobba som musikkterapeut i Gloppen kommune sidan august 2000, og skuleåret 2011/2012 jobba ho som musikkterapeut i Sogn og Fjordane fylkeskommune. I tillegg til å undervise i musikkterapi ved Gloppen kulturskule, er Simona tilsett som fiolinlærar.

Simona blir leigd inn som bratsjist til ulike prosjekt i fylket vårt, og ho er fast medlem av Sogn og Fjordane symfoniorkester.