Silfverhielm, Ann-Margrit

Edvin-Andre Hugvik

Distriktsmusikar song
tlf 934 49 461
e-post:
ann-margrit.silfverhielm@gloppen.kommune.no

Ann-Margrit Silfverhielm kjem frå Bergen, og har utdanninga si frå Agder musikkonservatorium. Ho er ein allsidig songar, og utøve musikk innan mange ulike stilarter noko som kjem godt med i jobben som distriktsmusikar i Gloppen kommune. Ho er ein habil låtskrivar, og har tonesett fleire dikt av bl. a Jacob Sande, Are Frode Søholt og Hege Woxen.

Ann-Margrit blir mykje brukt som solist i kyrkjemusikalske verk, og ho har sunge solo sopran i Juleoratoriet og Magnificat i Eb-dur (J.S. Bach), Gloria (Vivaldi), Stabat Mater (Pergolesi), Messias (Händel), Requiem (Mozart), Messe i G-dur (Shubert).

Ho har vore solist på De Internasjonale Kirkespillene i Kristiansand, og ho har hatt roller i både Figaros bryllup og Rigoletto ved Opera Nordfjord.  

Våren 2005 hadde ho hovudrolla i barneoperaen Eloise på Vest Norges Opera i Bergen.

Ann-Margrit deltok på masterclass med Dame Kiri Te Kanawa da ho besøkte Aamodt gård i juni 2009