Endeleg :) Oppstart av vanleg undervisning i kulturskulen blir frå og med veke 21, måndag 18. mai. Velkomen tilbake alle saman!

No kan endeleg snart kulturskulen starte opp igjen med vanleg undervisning. Frå og med 18. mai går undervisninga som normalt, men vi må følgje nasjonale smittevernsreglar. Kulturskulen følgjer nasjonal veileder om smittevern for kulturskular og her kjem nokre viktige punkt:

Elevar og tilsette kan kome på kulturskulen

  • når dei ikkje har symptom på sjukdom
  • når dei har vore symptomfrie i eit døgn etter gjennomgått luftvegsinfeksjon
  • sjølv om andre i husstanden har symptom på luftvegsinfeksjon, men ikkje har stadfesta covid-19. Desse skal gå heim frå kulturskulen dersom dei får symptom.
  • sjølv om dei har typiske symptom på pollenallergi (kjent pollenallergi)
  • sjølv om dei har rennande nase utan andre symptom på luftvegsinfeksjon. Mange born – særlig yngre – kan ha dette, og særleg etter at dei har vore ute. Desse borna kan kome på kulturskulen så lenge dei ikkje har feber og elles er friske

Føresette som er friske og ikkje har symptom på luftvegsinfeksjon, kan følge borna sine på kulturskulen som normalt. Føresette som følger elevar til kulturskulen, bør vente utanfor undervisningslokalet til eleven er ferdig.

Når skal elevar, føresette og tilsette ikkje møte på kulturskulen 

  • Elevar og tilsette med luftvegsinfeksjon: Skal – sjølv med milde luftvegssymptom og sjukdom – ikkje møte på kulturskulen. Dei skal holde seg heime til dei har vore symptomfrie i eit døgn.
  • Elevar og tilsette med stadfesta covid-19: Skal være i isolasjon. Det er helsetenesta som bestemmer kven som skal være i isolasjon og kor lenge etter råd gitt av Folkehelseinstituttet (sjå www.fhi.no). Retningslinjer til forskrift er gitt av Helsedirektoratet.
  • Elevar og tilsette som er i nærkontakt/husstandsmedlem til person med stadfesta covid-19: Skal være i karantene. Det er helsetenesta som bestemmer kven som skal være i karantene og kor lenge etter råd gitt av Folkehelseinstituttet (sjå www.fhi.no). Retningslinjer til forskrift er gitt av Helsedirektoratet.
  • Føresette med luftvegssymptom, i karantene eller isolasjon: Skal ikkje møte på kulturskulen. Dei må finne andre løysingar for følging og henting av borna.

Elevar og tilsette skal vaske hender

  • før ein kjem til kulturskulen og når ein kjem heim
  • når ein kjem til kulturskulen (bruk toalettet)
  • etter hosting/nysing
  • etter toalettbesøk

Alternativ til handvask

  • Viruset er følsomt for alkohol og alkoholbasert desinfeksjon (handsprit) Handdesinfeksjon er plassert ved inngangen til kulturskulen og utanfor dansesalane.
  • Alkoholbasert desinfeksjon er lite effektivt ved våte eller synleg skitne hender. Då bør ein utføre handvask først.

Hostehygiene

  • Bruk olbogekroken når ein hostar eller nys.
  • Unngå å røre ved ansiktet.

I Trivselshagen er det no forsterka reinhaldsrutinar. Kvar lærar er utstyrt med smittevernsutstyr som vert nytta til reingjering mellom kvar undervisningstime.

Vi ber om så langt det lar seg gjere, at eleven kjem til kulturskulen når timen startar. Vent ute i gangen (fellesområdet) eller i gangen til kulturskulen så kjem læraren og hentar deg. Husk 1 meter avstand. Etter timen ber vi om at eleven ikkje blir verande på bygget.

Meir konkret informasjon vil du evt. få direkte frå din lærar.

Ønskjer du å lese veilederen i sin heilhet, finn du den her: https://kulturskoleradet.no/smittevernveileder-kulturskole