Gruppetilbod innan musikk

Kulturskulen tilbyr ei rekke gruppetilbod

Gruppetilbod
Tilbod Skildring
Folkesonggruppe Eit tilbod som passar for born frå 1.- 3. klasse.
Folkesonggruppe for vaksne Eit tilbod for vaksne som ønsker å lære seg folkesong/kveding. Fokus på fokesongteknikken og stiltrekka i kvar song. I tillegg går vi gjennom grunnleggande songteknikk. Du vil lære songar både frå nærområdet og rundt om i landet, alt frå bånsullar til kulokkar. Du treng ikkje ha forkunnskapar om verken song eller folkemusikk!
Kulturskule-koret Kulturskulekoret er eit songtilbod for dei godt vaksne som likar å synge saman og som har høve til å møte på dagtid. Det er fokus på å halde stemma, hovudet, pusten og kroppen i gang gjennom song. Det kreves ikkje note eller songkunnskap frå før og det er inga øvre aldersgrense.
Songmoves Sangmoves er eit fagtilbod der ein både syng og bevegar seg til musikk i hovudsak i sjangrar som pop, rock, viser, soul, r´n´b, rap, country etc. Dette er eit gruppetilbod med grupper på 3 til 7 elevar som er i same alder. Fagtilbodet er utarbeida av kulturskulelærar Laila Beathe Førde og har fokus på å utvikle songarar til å bli trygge på si eige stemme og si rolle både som korist og solist. Ved å ta del i dette faget vil ein få utvikle songstemma si, og bygge opp si evne til å kunne synge fleirstemt og til å fungere musikalsk og sosialt i samspel med andre. Ein får også trening i å opptre på ulike type konsertar basert på det elevane som gruppe ønskjer å opptre på. Elevane får sjølve bidra med valg av låtar og valg av bevegelsar.
Musikkleik  Eit tilbod for 5-6 åringar. I musikkleik vert bruk av song, rørsle og leik vere viktige element for å verte kjent med rytme og dynamikk. Ein vil også bruke instrument som rymeinstrument (tromme, djembe, maracass) og melodiske instrument (klangstavar, xylofon).Mål for tilbodet er å gje varierte musikkopplevingar som gir musikkglede og stimulere til musikalsk skapande aktivitet og gi borna mogligheit til å uttrykke seg gjennom musikk.
Musikksafari    Eit ypperleg tilbod for 6-8 åringar som eit førebuande fag før ein bestemmer seg for hovudinstrument. I løpet av året kan du få undervisning i gitar, piano, song, strykeinstrument og rytmeinstrument. 
Rett i Band Eit tilbod som ikkje krev forkunnskap der ein set saman ei gruppe på 3-5 elevar. Passar frå 3. klasse og oppover. Dei aktuelle instrumenta er gitar, trommer, bassgitar, piano og song. Kva kvar enkelt elev skal spele blir ikkje avgjort før ein startar opp. Det kan vere aktuelt for elevar å rullere på instrumenta undervegs i skuleåret. 
Band Passar for dei som allereie kan litt på instrumentet
Orkester Naturleg plass for alle strykarane å spele saman, men orkesteret har også plass for blåsarar og evt andre instrumentgrupper
Orkester - fordjupning Orkester fordjupning er eit 2-årig prosjekt som startar opp hausten 2024. Det er for vidarekomne elevar, og er eit samarbeid med Stad kulturskule. Orkesteret har strykeinstrument som base, men det er ope for andre instrument å vere med. Tiltaket har fått støtte frå Norsk kulturskuleråd/Sparebankstiftelsen DNB, og kan derfor i første omgang opprettast som eit gratis tilbod for elevane. Prosjektet er i samarbeid med UNOF (De unges orkesterforbund) Øvingane vil frå hausten 2024 finne stad på torsdagar på Nordfjordeid. Vaksne kan også søkje.
Slagverkensemble Passar for den vidarekomne som har vore elev på slagverk ei stund.