Teikning / måling / keramikk
Dette er eit tilbod til elevar frå 3. klasse og oppover. Her får barn og unge moglegheit til å arbeide med ulike kunstuttrykk og materiale, og elevane får bli kjent med ulike teknikkar innan teikning, måling og skulptur/keramikk.
I visuell kunst er det undervisning i grupper med individuell rettleiing.
Det vert lagt vekt på at elevane får basiskunnskap om komposisjon, fargar og kontrastar. Det vert jobba med mange ulike teknikkar og i eit mangfald av materiale.
Kunnskap i ein teknikk kan elevane dra nytte av òg i andre disiplinar og teknikkar.
Visuell kunst er eit fag der elevane må ta val og finne løysingar på utfordringar og problemstillingar som dukkar opp i arbeidet.
Elevane får undervisning i teikne-teknikkar, måle-teknikkar, keramikk, skulptur i ulike materiale, grafikk og blandings-teknikkar.
