Distriktsmusikarane i Gloppen

Distriktsmusikarane i Gloppen er ei gruppe på 6 profesjonelle musikarar. Dei er alle tilsett i Gloppen kulturskule, der stillinga deira er delt mellom 50 % undervisning og 50 % konsertering. Dei er involverte i store produksjonar årleg, som t.d. Opera Nordfjord sine oppsetningar, dei lagar skule- og barnehageproduksjonar for Den kulturelle skulesekken, og dei har eigne konsertar aleine eller i samarbeid med andre.

Distriktsmusikarane i Gloppen deltek også med eigen konsert kvart år på Gloppen Musikkfest, og dei er med i ulike orkesterprosjekt i heile fylket.

Ann-Margit Silfverhielm, song
Otto Ose, trompet, fiolin, bass  
Henrik Silfverhielm, cello  
Thomas Aanonlie, slagverk 
Tone Støylen Holgersson, piano 
Malin Alander, song, folkemusikk

Distriktsmusikarane i Gloppen kan tingast til ulike musikaroppdrag. Ynskjer de musikk til bryllaup, gravferd eller ulike møte, kan de tinge ein eller fleire av musikarane våre. Musikarane kan også nyttast som solistar eller støttemusikarar i kor og korps, eller dei kan stå for musikalske innslag under t.d. festmiddagar, ved opning av utstillingar eller utdeling av prisar

Fylkeskvoten
Totalt er det 20 distriktsmusikarar i fylket. Som del av samarbeidsavtalen mellom fylkeskommunen og Gloppen, Lærdal, Sogndal og Sunnfjord er musikarane òg tilgjengelege i inntil ti dagar per musikar per semester for større konsertprosjekt, også kalla fylkeskvoten. Prosjekta må ha eit regionalt perspektiv, og/eller finne stad i minimum to kommunar. Søknadsfristen er 1. oktober for prosjekt i vårhalvåret og 1. april for hausthalvåret, og ein søkjer via e-post til fylkeskommunen. Det er ein føremon å kontakte vertskommunanen på førehand for å finne ut om musikarane er tilgjengelege. Dei som får tildelt distriktsmusikarar til slike prosjekt, betaler ikkje honorar, men må dekkje reise, diett og opphald. Ved tildeling vert det teke omsyn til kapasitet og reiseavstand. Fylkeskommunen samarbeider tett med vertskommunane om ordninga, og ein tek atterhald om endringar i gjeldande retningsliner. For meir informasjon om musikarordningane: Ta kontakt med Øyvind Lyslo, epost: oyvind.lyslo@vlfk.no, mob. 90 11 34 33.

Meir om distriktsmusikarane i fylket finn du her:
https://www.vestlandfylke.no/kultur/kulturformidling/distriktsmusikarane/