Fjernundervisning

Hei :)
Gloppen kulturskule fortset med undervisninga sjølv om elevane må vere heime, og er du ikkje allereie blitt kontakta av læraren din så vil du bli det ganske snart. Korleis undervisninga skal foregå blir etter avtale med læraren din, men vi har fleire verktøy vi kan bruke. Inne på SpeedAdmin har vi ein funksjon som heiter «Leksesett» øvst i menyen. Trykk på den og få litt forklaring på korleis den fungerer. Her vil læraren din kunne legge ut lekse med videovedlegg og notevedlegg, og du kan også chatte med læraren din. Brukarnavnet for å kome inn på SpeedAdmin er dei 6 første siffera i fødselsdatoen til enten elev eller foreldre. Trykk «Glemt passord» viss du ikkje huskar passordet, og du vil kunne endre passordet i e-posten du mottar. Du kan logge inn øvst i menyen her. Ta kontakt med læraren din viss du får problem, eller ring 47478702.
Andre måtar som er aktuelle for å fortsette undervisninga, er å bruke messenger, vimeo (videoplattform) youtubekanal osv. Kvar enkelt lærar tar kontakt og avtalar korleis det skal gjerast. Lykke til :), og så håpar vi at vi snart får elevane våre tilbake til kulturskulen. Det er tomt og trist her utan elevar!