Ingrid_Maria_Ose_NRK.jpg

NRK Sogn og Fjordane og Gloppen Musikkfest inviterer til konsert med nokre av dei beste klassiske musikarane i fylket og nokre av dei mest talentfulle.

Ingrid og Maria Ose, elevar ved Gloppen kulturskule og Firda vgs er blant dei som ein får høyre under forestillinga.

Konserten vert sendt direkte på radio og nett-TV frå Trivselshagen på Sandane. Programleiarar er Gro Ravnestad og Stian Sjursen Takle. 

20160526_193236_red.jpg

Vi har med dette gleda av å kalle inn til nytt kulturskuleår 2016/2017

Tradisjonen tru samlar vi alle elevane og lærarane til eit første felles møte i samband med skulestart. Der vil de få litt informasjon om skuleåret, de vil få høyre litt musikk og vi vil presentere alle lærarane på kulturskulen.

Vel møtt til elevar og føresette i kultursalen i Trivselshagen måndag 15. august kl 17.00

 

   
Kulturskule-hogremeny Epost til RektorDistriktsmusikarane i GloppenEpost til inspektørLik oss på Facebook!Trivselshagen.no
Levert av ACOS AS
Login for redigering Login for redigering