Sommarfest for Gloppen kulturskule

Gloppen kulturskule avsluttar skuleåret med ein skikkeleg SOMMARFEST, og fleire konsertar. 

Vi vil presentere mykje av det vi har jobba med dette skuleåret, både innan musikk og dans. Og vi har mykje å gle oss over og derfor feirer vi over fleire dagar!

Torsdag 13. juni blir det sommarsong i teltet ved Gloppen hotell kl 18

Laurdag 15. juni blir det tre konsertar på heradsplassen kl 11.30 - kl 13.00 og kl 14.00

Onsdag 19. juni er det slagverkonsert i dramasalen i Trivselshagen kl 19.00

 

Alle konsertane er gratis!

Klikk for stort bilete