Messinginstrument

I messingfamilien finn vi kornett, trompet, althorn, bariton, trombone og tuba. Alle messinginstrumenta høyrer naturleg heime i eit korps, mens trompet og trombone også er faste medlemmer i eit storband eller eit orkester. Tuba er det største av messinginstrumenta, og blir brukt mest i korps og orkester. Gloppen kulturskule tilbyr undervisning på alle messinginstrument, og vi ordnar med utleige av instrument.

Ein har moglegheit til å vere med i skulekorpset sitt aspirantkorps etter første året på kulturskulen. Korps er ein kjekk og livslang hobby, og ein har mykje kjekt å sjå fram til når ein blir med i eit skulekorps.

Kulturskulen har også eige orkester som er ein naturleg plass for alle strykarane å spele saman, men orkesteret har også plass for blåsarar og evt andre instrumentgrupper.

Kornett/trompet, baryton og horn - frå 3. klasse og oppover

Trombone og tuba - frå 4. klasse og oppover
 
Vaksne kan også søkje.