Tilbod ved Gloppen kulturskule

Gloppen kulturskule tilbyr eit breitt utval tilbod.
Alle er velkomne til å søkje uansett utgangspunkt - både born, ungdom og vaksne. Vi skal prøve å tilrettelegge eit opplegg slik at kvar enkelt elev skal oppleve mestring på det nivået den enkelte er.

Søknadsfrist

Hovudopptaket til nytt skuleår skjer i juni og fristen for å søkje er 1. juni,
men vi tar imot søknader gjennom heile året og tilbyr alltid plass så snart vi har noko ledig. Vaksne kan søkje på dei fleste av våre tilbod. Søk på dei ulike tilboda ved å nytte deg av vårt elektroniske søknadskjema.
Det er plass til alle i kulturskulen. Om du finn eit tilbod som ser spennande ut, kan du enten søkje eller ta kontakt med kulturskulen på tlf. 47 47 87 02 for meir informasjon.

Nye søkjarar loggar seg inn her

Allereie elev, eller står du på venteliste så logger du deg inn her.

Klikk for stort bilete