Avlyst julekonsert

Vi har etter ei totalvurdering bestemt oss for å avlyse Den store julekonserten 17. desember.

Det ville vore mange involverte på ei slik forestilling, og tryggleiken med omsyn til smittevern ligg til grunn som det viktigaste i vår vurdering. Vi føler at det denne gongen blir for krevjande å gjennomføre ei så stor forestilling på ein god måte med dei krav som blir stilt. 

Det at forestillinga ligg så tett opp under jul har også vore eit viktig moment for avgjersla. Det kjem folk heim til jul frå områder med høgt smittetrykk og som gjerne er eldre søsken til våre elevar. Kulturskulen har elevar frå alle skulane i Gloppen, og det vil vere veldig kjedeleg for kulturskulen og dei heimane som blir råka viss ein skulle fått eit stort utbrudd i julehøgtida. 

Vi veit at mange har gleda seg til forestilling både av aktørar og publikum, men håpar på forståing for at det denne gongen ikkje blir noko av. Gloppen er ein kommune med lite smitte og det ønskjer vi å bidra med skal fortsette gjennom heile juleferien. Vi lovar å kome sterkare tilbake i 2021 med både konsertar og forestillingar.