Røgeberg, Elisabeth

Klikk for stort bilete Edvin-Andre Hugvik Treblåslærar / korpsdirigent 


tlf: 451 35 330
e-post: lisarogeberg@gmail.com

Elisabeth Røgeberg er fødd på Melbu i Vesterålen. Ho var student ved Nordnorsk Musikkonservatorium i Tromsø fra 1990 til 1993, der ho studerte med klarinett som hovedinstrument. I studentperioden deltok ho på fleire prosjekt i Tromsø Symfoniorkester, samstundes som ho jobba som treblåsvikar i musikkskulen.

Etter studiene var Elisabeth tilsett i Hadsel kommunale musikkskole der ho underviste på treblås, hadde musikkførskulegrupper samt dirigerte diverse skulekorps og vaksenkorps. Elisabeth blei nytta som klarinettist i Lofoten og Vesterålen Orkesterforening, og deltok også ved oppsett av flere ulike oratorier i regionen.

Elisabeth kom til Gloppen kulturskule hausten 1998. Her har ho i tillegg til instrumentalundervisning også hatt baby-grupper, barnegrupper i SFO samt korpsdireksjon i stillinga si. Elisabeth blir brukt som klarinettist i Opera Nordfjord og andre orkester-prosjekt i fylket