Kulturskulen startar opp med undervisning 16. august (veke 33) unntatt elevar på dans som startar opp 23. august (veke 34)

Alle elevar vil få e-post om tidspunkt for undervisning i slutten av veke 32, og vi ønskjer alle gamle og nye elevar hjarteleg velkomne.

Vi tar i mot søknadar gjennom heile året, og vi har akkurat no nokre få ledige plassar på piano, strykeinstrument og messing. Søk på www.gloppenkulturskule.no

Fristen for å søke om å bli elev ved kulturskulen er som vanleg 1. juni. Dei som allereie er elevar og dei som står på ventelista må re-registrere plassen sin og har fått melding om det på e-post.