Konserten 25. mars er avlyst

Med dei nye koronareglane som kom i tysdag 23. mars, må vi dessverre avlyse konserten torsdag 25. mars i kultursalen. Det blei anbefalt at alle arrangement blir avlyst eller blir utsett. Vi vil forsøke å sette den opp igjen så snart situasjonen gir høve til det. Vi jobba fram denne konserten ut ifrå dagens regelverk med 1 meters avstand og 100 personar i publikum. Når dette no blei endra til 2 meters avstand og maksimalt 20 personar i publikum, lar konserten seg ikkje gjennomføre slik vi hadde planlagt.