Ofte stilte spørsmål ved Gloppen kulturskule

Her har vi prøvd å samle svar på spørsmål vi ofte mottek

Kven kan søkje?

Alle kan søke!
Eit viktig mål i undervisninga er at kvar enkelt elev skal oppleve meistring på det nivået den enkelte er. Både born, ungdom og vaksne kan søke våre tilbod uansett utgangspunkt og funksjonsevne.

Korleis blir eg elev ved Gloppen kulturskule?

Du søkjer om elevplass elektronisk ved å velge "Søk elevplass" øvst i menyen og du kan søkje om elevplass heile året! Er du allereie elev og vil søkje nye fag velje du "Logg inn"

Hovudopptaket til nytt skuleår skjer i juni og fristen for å søkje er 1. juni, men vi tar imot søknader gjennom heile året og tilbyr alltid plass så snart vi har noko ledig.

Korleis kan eg seie opp elevplassen min?

Du loggar deg inn i vår kulturskuleportal Speedadmin. Velg "Logg inn" øvst i menyen.

Når du er inne i portalen kan du velje utmelding i menyen og krysse av dei faga du vil seie opp. I mai månad kvart år har vi ein re-registreringsperiode for alle elevar for å sjå kven som vil fortsette til hausten igjen. I denne perioden går det ikkje an å melde seg ut på vanleg måte, men du vil i registreringsprosessen ha moglegheit for å registrere at du ikkje vil fortsette. 

Utmeldingsfrist for vårsemesteret er 1. desember og for haustsemesteret 1. juni. Melder du deg ut etter fristen må du vere budd på å betale heile eller delar av semesteravgifta.

Har kulturskulen instrument til utleige?

Gloppen kulturskule har ein del instrument (i hovudsak ulike strykeinstrument og gitarar) som kan leigast. Nybyrjarar vert prioriterte. Elevar på blåseinstrument kan leige instrument med skulekorpsa.

Kva skjer når læraren er vekke fra undervisninga?

Lærarane ved kulturskulen vil av ulike grunnar kunne ha fråvær frå undervisninga. Elevar får frådrag i kontingenten viss læraren er vekke meir enn to timar pr. semester utan at det blir sett inn vikar eller at eleven får utvida undervisning elles i skuleåret. Elevar får ikkje frådrag for eige fråvær unnateke når permisjon er innvilga. Kulturskulen held reknskap over kor mange timar som evt. går vekk i løpet av skuleåret, og gir frådrag i kontingenten når der er grunnlag for det.

Kan vaksne søkjarar få elevplass?

Ja, vaksne kan søkje på nesten alle våre tilbod.