Gjeldande satsar frå 1. januar 2019 er:
Elevplass uansett tilbod: kr 1635,- pr. semester (halvår)
Slagverkensemble: kr 720,- pr. semester viss ein går på slagverk i tillegg.
Musikkterapi: kr. 1635,- pr. semester for første tilbod og kr. 720,- pr. ekstratilbod
Søskenmoderasjon
Elevar frå same familie får moderasjon
- Full pris for elev nr. 1.
- 15 % moderasjon for elev nr. 2.
- 30 % moderasjon for elev nr. 3 og fleire.
Ein elev kan gå på fleire tilbod og får då fleirfags-moderasjon etter same satsar som søskenmoderasjon.
Det blir ikkje gitt moderasjon for tilbodet som kostar kr 720,-
Instrumentleige
Gloppen kulturskule har ein del instrument (i hovudsak ulike strykeinstrument og gitarar) som kan leigast til kr 270,- pr. semester.
Blåseelevar leiger instrument frå korpsa.
Avgifter
Instrumentalelevane betalar kr 20,- pr semester i kopiavgift. Utgifter til lærehefter kan kome i tillegg. Danseelevane betalar kostymeavgift på kr 50,- pr. semester og kunstelevane betalar matrialavgift på kr 150,- pr. semester.
Frådrag
Lærarane ved kulturskulen vil av ulike grunnar kunne ha fråvær frå undervisninga. Dersom læraren er vekke meir enn to timar pr. semester utan at det vert sett inn vikar eller at eleven får utvida undervisning elles i skuleåret, får eleven frådrag i kontingenten. Eleven får ikkje frådrag for eige fråvær unnateke når permisjon er innvilga.
Kulturskulen held reknskap over kor mange timar som evt. går vekk i løpet av skuleåret, og gir frådrag i kontingenten når der er grunnlag for det.