Musikkterapitilbod

Musikkterapitilbod

Musikkterapi gir moglegheit for utvikling og endring gjennom eit musikalsk og mellommenneskeleg samarbeid mellom terapeut og klient. Prosessen er ofte ressursorientert og fokuserer på aktuelle mål innan helsefremmende arbeid, behandling, rehabilitering og omsorg.

Musikk kan for eksempel skape nye moglegheiter for kommunikasjon og personleg uttrykk og for å arbeide med sosiale problemstillingar. Som fagfelt kan musikkterapien forståast som studiet av samanhengar mellom musikk og helse. 

Kven har nytte av musikkterapi? 
Born, ungdom, vaksne og eldre med psykiske vanskar, med utviklingsmessige utfordringar og lærevanskar, menneske med aldersrelaterte vanskar som demens, parkinson og hjerneslag, personer med rusproblem, hjerneskadar, fysiske funksjonshemingar og andre fysiske og psykiske lidingar har nytte av musikkterapi. 

Kva kan vi tilby?

I menyen over ser de ei oversikt over dei tilboda vi har per idag, men dette vil variere frå år til år alt etter søknadar/forsepørsel og behov.

Har de spørsmål kan de ta kontakt med kulturskulen, eller med musikkterapeuten direkte.

Musikkterapeut mobil: 967 57 103