Distriktsmusikarane i Gloppen
Distriktsmusikarane i Gloppen er ei gruppe på 5 profesjonelle musikarar. Dei er alle tilsett i Gloppen kulturskule, der stillinga deira er delt mellom 50 % undervisning og 50 % konsertering. Dei er involverte i store produksjonar årleg, som t.d. Opera Nordfjord sine oppsetningar, dei lagar skule- og barnehageproduksjonar for Den kulturelle skulesekken, og dei har eigne konsertar aleine eller i samarbeid med andre.
Distriktsmusikarane i Gloppen deltek også med eigen konsert kvart år på Gloppen Musikkfest, og dei er med i ulike orkesterprosjekt i hele Sogn og Fjordane.
Ann-Margit Silfverhielm, song
Otto Ose, trompet, fiolin, bass
Henrik Silfverhielm, cello
Thomas Aanonlie, slagverk
Tone Støylen Holgersson, piano
Malin Alander, song, folkemusikk
Distriktsmusikarane i Gloppen kan tingast til ulike musikaroppdrag. Ynskjer de musikk til bryllaup, gravferd eller ulike møte, kan de tinge ein eller fleire av musikarane våre. Musikarane kan også nyttast som solistar eller støttemusikarar i kor og korps, eller dei kan stå for musikalske innslag under t.d. festmiddagar, ved opning av utstillingar eller utdeling av prisar
Meir om distriktsmusikarane i Sogn og Fjordane kan du finne her!
Publisert17.10.2019 13.56