Elevavgift
Gjeldande satsar (mva ikkje aktuelt) per semester frå 1. januar 2022 er:
Kjernetilbod (hovudpris) kr 1850 (vaksne over 19 år kr 2000)
Breiddetilbod* kr 1250 (vaksne over 19 år kr 1650)
Musikkterapi kr 1850 (kr 750 pr. ekstratilbod)
Tilleggsfag** kr 750
Djupnetilbod*** kr 500
* Musikksafari, musikkleik, band, rett i band, orkester, folkesonggruppe, barnedans
** Born og unge med elevplass på eit instrumentalt kjernetilbod kan velje slagverkensemble, band og orkester som tilleggsfag med prismoderasjon
*** Utvida undervisningstid. Søknadsbasert tilbod i samråd med faglærar.
Moderasjon
Elevar frå same familie får moderasjon.
• Full pris for elev nr. 1.
• 15 % moderasjon for elev nr. 2.
• 30 % moderasjon for elev nr. 3 og oppover.
Elevar som går på fleire fag får moderasjon etter same satsar som søskenmoderasjon.
Det blir ikkje gitt moderasjon for tilbodet som kostar kr 750.
Instrumentleige
Gloppen kulturskule har ein del instrument (i hovudsak ulike strykeinstrument og gitarar) som kan leigast til kr 300,- pr. semester.
Blåseelevar leiger instrument frå korpsa.
Avgifter
Instrumentalelevane betalar kr 20,- pr semester i kopiavgift. Utgifter til lærehefter kan kome i tillegg. Danseelevane betalar kostymeavgift på kr 50,- pr. semester og kunstelevane betalar materialavgift på kr 150,- pr. semester.
Frådrag
Lærarane ved kulturskulen vil av ulike grunnar kunne ha fråhver frå undervisninga. Dersom læraren er vekke meir enn to timar pr. semester utan at det vert sett inn vikar eller at eleven får utvida undervisning elles i skuleåret, får eleven frådrag i kontingenten. Eleven får ikkje frådrag for eige fråvær unnateke når permisjon er innvilga.
Kulturskulen held reknskap over kor mange timar som evt. går vekk i løpet av skuleåret, og gir frådrag i kontingenten når der er grunnlag for det.