Nerland, Birgitte

Klikk for stort bilete Edvin-Andre Hugvik Danselærar 


tlf: 995 01 988
e-post: birre1984@yahoo.no

Birgitte Nerland kjem frå Torvik i Herøy kommune på Sunnmøre. Ho har bachelor i musikk, dans, drama - faglærer i dans, frå Høgskulen i Bodø.

Birgitte har brei erfaring innanfor klassisk, jazz, moderne, koreografi, show, swing, linedance, barnedans, performance, afrikansk dans og folkedans. Ho har jobba som dansepedagog i Herøy, Skodje, Ørskog og Giske kulturskular samt ved Fame dansestudio SB i Bodø. Ho har også undervist i dans for den kulturelle skulesekken i Bodø og i Gloppen, heldt fleire kurs i swing og hatt ulike danseprosjekt i grunnskulen.

Birgitte har i seinare tid jobba ein del med scenelys, og ho har vore inspisient i ulike samanhengar, bla i SFJUNG - musikalen «Fame». Ho har også sett opp ei rekke forestillingar på Sunnmøre, i Bodø og i Gloppen.

Birgitte har sidan hausten 2008 vore tilsett som dansepedagog i Gloppen kulturskule.