Prisar ved Gloppen kulturskule

Kva kostar det å være elev ved Gloppen kulturskule? 

Det er politikarane som til ei kvar tid fastset eigenandelen for eit undervisningstilbod.

Prisane vart sist endra av kommunestyret den 13. desember 2022. 
Prisane gjeld frå 1. januar 2023.

Faktura vert sendt ut etter kvart semester (to gongar pr år).

Elevavgift

Gjeldande satsar (mva ikkje aktuelt) per semester frå 1. januar 2023 er:

Elevavgift alle tilbod: kr 1900
Elevavgift band/orkester/slagverkensemble (1) kr 1000
Djupnetilbod med utvida undervisning (2) kr 500
Instrumentleige (3) kr 310
Kopiavgift (4) kr 30
Kostymeavgift (5) kr 60
Matrialavgift (6) kr 160

(1) For elevar som allereie går på eit instrumentaltilbod
(2) Søknadsbasert tilbod i samråd med faglærar
(3) I all hovudsak strykeinstrument og gitarar. Blåseelevar leiger instrument av korpsa
(4) Instrumentalelevar. Lærehefte kan kome i tillegg.
(5) Gjeld danseelevar
(6) Gjeld elevar på visuell kunst

Moderasjon

Elevar frå same familie får moderasjon.

• Full pris for elev nr. 1.
• 15 % moderasjon for elev nr. 2.
• 30 % moderasjon for elev nr. 3 og oppover.

Elevar som går på fleire fag får moderasjon etter same satsar som søskenmoderasjon.

Frådrag

Lærarane ved kulturskulen vil av ulike grunnar kunne ha fråhver frå undervisninga. Dersom læraren er vekke meir enn to timar pr. semester utan at det vert sett inn vikar eller at eleven får utvida undervisning elles i skuleåret, får eleven frådrag i kontingenten. Eleven får ikkje frådrag for eige fråvær unnateke når permisjon er innvilga.

Kulturskulen held reknskap over kor mange timar som evt. går vekk i løpet av skuleåret, og gir frådrag i kontingenten når der er grunnlag for det.