Slagverk

Slagverk

Slagverk består av ei rekke ulike slagverkinstrument. Vi skiller gjerne mellom melodiske og rytmiske slagverkinstrument . Blant dei melodiske slagverkinstrumenta finn vi t.d. klokkespel, xylofon, marimba, vibrafon, røyrklokker og pauker. Blant dei rytmiske slagverkinstrumenta finn vi ulike trommer og cymbaler, samt alt av små perkusjonsinstrument som t.d. maracas, wood block, triangel, kubjelle og congas.

Slagverk er instrument som blir nytta over alt, både i korps, band, orkester, storband m.m. Går ein på slagverk i Gloppen kulturskule, vil ein lære å spele på mange av disse instrumenta. Ein kan då gjerne vere med i skulekorpset sitt aspirantkorps etter første året med instrumentopplæring i kulturskulen. Korps er ein kjekk og livslang hobby, og ein har mykje kjekt å sjå fram til når ein blir med i eit skulekorps.

Trommesett

Her får ein undervisning på trommesett, retta mot speling i band, storband eller korps.

Frå 3. klasse og oppover
(vaksne kan også søkje)