Litt om Gloppen kulturskule

Gloppen kulturskule starta opp som musikkskule i 1974, som den fyrste i Sogn og Fjordane.
Vi vart offisielt ein kulturskule 1. januar 2002. 

Våren 2017 har vi om lag 333 elevplassar.

Gloppen kulturskule har tilbod på alle korps- og strykeinstrument, i tillegg til vokalopplæring, barnegrupper, musikkterapi, band og opplæring på strengeinstrument. Vi har også tilbod om teikning/måling og keramikk. I tillegg har vi Pensjonistkoret for dei godt vaksne som framleis ynskjer å vere aktive med musikk. For nokre år sida starta vi eit samarbeid med musikkundervisning i SFO-tida ved Sandane skule. Dette tilbodet er no utvida til å gjelde fleire skular, og vi startar opp grupper på dei skulane der det er nok påmeldingar. Dans blei eit tilbod i Gloppen kulturskule hausten 2008, og vi har mange ulike dansetilbod ein kan melde seg på. Hausten 2010 fikk vi musikkterapi inn i kulturskulen, og vi har mange ulike musikkterapitilbod for elevar i ulik alder. Vi sel også musikkterapitenester til skular og barnehagar.

Kulturskulen er eit frivillig tilbod som er opent for alle, men så lenge vi har venteliste blir born og unge prioritert.

Kulturskulen har 15 fast tilsette lærarar i store og små stillingar. Hausten 2008 flytta heile kulturskulen inn i Trivselshagen, og vi har no flotte spesialinnreia rom både til musikk- og dansetilboda våre.

Gloppen kulturskule fungerer som eit kompetansesenter for Gloppen kommune og distriktet rundt. I dag har vi eit godt utbygd nettverk som baserer seg på kjøp og sal av tenester til skular, kor, korps og andre. Med dette støttar kulturskulen opp om både den obligatoriske og den frivillige musikk- og kulturopplæringa for born og unge.

Gloppen kommune er vertskommune for ei av tre distriktsmusikargrupper i Sogn og Fjordane, og Distriktsmusikarane i Gloppen er tilsett i Gloppen kulturskule. Distriktsmusikarane i Gloppen er ei gruppe på fem profesjonelle musikarar, der stillinga deira ved kulturskulen er delt mellom 50 % undervisning og 50 % konsertering. Dei er involverte i store produksjonar som t.d. Opera Nordfjord sine framsyningar, dei lagar skule- og barnehagekonsertar for Rikskonsertane og Den kulturelle skulesekken, dei har eigne produksjonar og konsertar, og dei blir tinga til ulike føremål i lokalmiljøet som t.d. møter, bryllaup eller gravferder.

Vårt mål er at Gloppen kulturskule skal vere eit inspirerande veksthus for born og unge i kulturlivet i Gloppen, der forholda ligg vel til rette for kunstnarisk vekst for små og store - på alle nivå!

Publisert av Siv Kvalsvik Haugen. Sist endra 13.03.2017