Strykeinstrument

Kulturskulen kan tilby undervisning på alle strykeinstrument, og ein kan lære både folkemusikk og klassisk musikk. Kulturskulen har eige orkester, og det er ein naturleg plass for strykeelevane å vere med.

Elles har folkemusikklaga i Gloppen fleire gode samspeltilbod til elevar som har lyst til å spele folkemusikk ilag med andre. 

Kulturskulen har fiolin/fele og cello i små storleikar som elevane kan få leige.

Frå 5-6 år og oppover
Vaksne kan også søkje.