Einetime

Musikkterapeuten tek utgangspunkt i den enkelte sine ressursar og sterke sider og søkjer ut i frå dette å få til eit samspel der klienten sjølv er musisk aktiv.

Ein musikkterapeut nyttar seg av musikalske teknikkar som for eksempel improvisasjon, samspel og song, låtskriving, opplæring på instrument, musikklytting, samt andre ulike tilrettelagte musikkaktivitetar i si "undervisning". Målet for ein musikkterapeut er i hovudsak å bidra til betre helse for sine klientar. Meir spesifikke mål vil variere frå individ til individ og vert definert ut i frå behov og ynskjer, men kan for eksempel vere at musikk vert nytta til å fremje kommunikasjon, læring, personleg utvikling og relasjonsdanning, samt ulike rehabiliteringsmål.

Har de spørsmål kan de ta kontakt med kulturskulen, eller med musikkterapeuten direkte.

Musikkterapeut mobil: 967 57 103